Visuelle kunstfag - Ulstein kommune

Visuelle kunstfag

Visuelle kunstfag

Visuell kunst

Liker du å utforske kreativiteten din gjennom teikning, maling eller å forme med leire og papir-mâché? Då kan visuell kunst på kulturskulen vere det rette for deg! Her jobbar vi i grupper med maksimal 8 personar, der læring og utvikling står i sentrum. Gjennom året får du prøve ulike teknikkar og materialar, og vi avsluttar med ei felles utstilling der vi viser fram arbeida våre. Vi besøker også lokale kunstutstillingar for inspirasjon, og når vêret tillèt det, lagar vi kunst ute.

1.–4. klasse

I dei yngste gruppene blir du kjent med grunnleggjande kunstteknikkar på ein leikande og utforskande måte. Du får prøve å forme leire, blande fargar, teikne til dømes dyr og menneske, og lage fantasifulle prosjekt med ulike reiskap. Vi legg vekt på skaparglede og å styrke sjølvtilliten din.

5.–7. klasse

Her bygger vi vidare på det du har lært, og alle, både med og utan erfaring frå før, er velkomne til å vere med i ei kreativ gruppe og lære nye og spennande teknikkar. Du får lære meir om teikning, maling, bruk av fargar og linjer, samt bygging av tredimensjonale gjenstandar med papp, leire og gjenbruksmateriale. Vi utforskar trykkteknikkar som linosnitt, og samarbeider om kreative prosjekt.

8. klasse – 19 år

Frå ungdomsskulealderen blir undervisninga meir individuell og tilpassa dine interesser. Du får oppgåver innan ulike kunstfelt, og kan fordjupe deg i teknikkar du vil vidareutvikle. Her får du personleg rettleiing, og vi legg vekt på å utvikle ditt eige kunstnarlege uttrykk.

Visuell kunst på kulturskulen handlar om å gi barn og ungdom moglegheita til å uttrykke seg kreativt, styrke eigen identitet, og lære nye kunstmetodar. Vi oppmodar alle til å vere tolmodige og prioritere kvalitet, og vi heiar på kvarandre i gruppa. Gjennom kurset får du besøke utstillingar, studere kunstverk og diskutere opplevingar i fellesskap. Det er viktig er at du deltek på eige initiativ og har interesse for faget.