Pakkeforløp for psykisk helse og rusKvifor eit nasjonalt pakkeforløp?Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal bli evaluert systematisk undervegs.Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system, men der følgjer ikkje med nye rettigheiter eller plikter. Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og rus og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mogleg.Dei fem måla for pakkeforløpaAuka brukarmedverknad og brukartilfredsheitSamanhengande og koordinerte pasientforløpUnngå unødig ventetidLikeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet de burBetre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanarMeir informasjon om pakkeforløpetHer kan du lese kva helsenorge.no seier om det nye pakkeforløpet for psykisk helse og rus.Her kan også lese kva Helsedirektoratet seier om pakkeforløpet for psykisk helse og rus. Publisert 26.11.2018 14:45 Sist endra 16.05.2025 09:26