Kreftkoordinator, kreftomsorgÅ bli diagnostisert med kreft er vanskeleg og kaotisk for dei fleste, og problema kan vere komplekse og samansette – både fysisk, psykisk, sosialt, praktisk og eksistensielt. Kva er ein kreftkoordinator? Ein kreftkoordinator kan hjelpe kreftsjuke og pårørande med koordinering og tilrettelegging av kvardagen. Koordinatoren skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorga i kommunen.Last ned brosjyren vår (PDF, 145 kB) Kven kan få tilbod om kreftkoordinator? Koordinatoren er ein tilgjengeleg ressursperson for deg som har kreft eller til deg som er pårørande. Kva kan vi tilby? Koordinatoren bidreg til å skape heilskap, samanheng og forutsigbarheit i kreftomsorga. Koordinatoren har oversikt over relevante tilbod og tenester, og kan formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar. Koordinatoren kan vere bindeleddet mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.Kreftkoordinatoren er kommunen sin kontaktperson for pakkeforløp heim for pasientar med kreft.Kreftkoordinatoren kan hjelpe om duhar barn og/eller unge som pårørandetreng nokon å snakke med, og få råd og rettleiing om sjukdomenhar mykje å forholde deg til i samband med kreftsjukdomen og slit med å halde oversiktopplever biverknadar av kreftsjukdom og behandlinghar plagsame seineffektar etter avslutta kreftbehandling og treng oppfølging Pakkeforløp heim for pasientar med kreft Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal få god oppfølging gjennom heile forløpet. Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Det er din livssituasjon, og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus. Meir informasjon om "Pakkeforløp heim for pasientar med kreft" Kva kostar det? Tilbodet er gratis. Korleis søke? Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post. Hugs å ikkje dele sensitiv informasjon på e-post.Kontaktinformasjonen finn du nedst på denne sida.Du treng ikkje tilvising frå lege eller anna helsepersonell for å få tilbod om kreftkoordinator. Du treng heller ikkje sende inn søknadsskjema. Kreftramma, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Nyttige lenker Nyttige lenker:Pakkeforløp heim for pasientar med kreft - pasientinformasjon - HelsedirektoratetPakkeforløp heim for pasientar med kreft - HelsenorgePasientforeiningar for dei som er råka av kreft- KreftforeningenRåd og rettar - KreftforeningenHer kan du også finne god informasjon:Digitale tilbod for deg som bur i Midt-Noreg - VardesenteretMontebellosenteret - Lær å leve med endringar som følge av kreftUnicare Røros - Unicare HelsepartnerSeinskadar etter kreftbehandling blant vaksne - KreftforeningenSeinskadar etter kreftbehandling hos barn og unge - KreftforeningenPalliativ plan - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)Pleiepengar i livets sluttfase - nav.no Publisert 10.07.2018 15:13 Sist endra 11.06.2025 15:24