Individuell planIndividuell plan (IP) er eit dokument som hjelper deg som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester til å setje langsiktige mål for korleis du skal meistre kvardagen. Søknadsskjema Kva er ein individuell plan? Planen gir oversikt over behovet ditt for offentlege tenester. Den skal vise kva du er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.Planen skal seie noko om ynskja og måla dine. Den vil gi deg ei betre oversikt over kva som er viktig for deg i dag og framover. Det er difor viktig at du deltek, så langt som råd, i å lage planen.Individuell plan vert vanlegvis utarbeidd i lag med deg/pårørande og koordinator. Også andre aktuelle tenesteytarar kan bidra. Planen bør reviderast minst ein gong i året.Ein individuell plan skal sikre:at tenestene du mottar blir samordna og individuelt tilpassaat alle tenesteytarar samarbeider med deg og/eller dine pårørande, og med kvarandre. Her finn du brosjyren vår.(PPT, 323 kB)Kven har rett til individuell plan og koordinator? Personar med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utforma ein individuell plan og retten er heimla i følgande lover:Helse- og omsorgstenestelova § 3-4Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 2-5Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 6-2Lov om spesialisthelsetenesten § 2-5Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern § 4-1Lov om barnevernstenesterI tillegg gjeld forskrift nr. 1837 om individuell plan, samt Ulstein kommune sine retningsliner.Retten til individuell plan og koordinator gir ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som du ville hatt rett på utan ein plan eller koordinator.Kva kan du forvente? Den sentrale tanken bak koordinator og individuell plan er brukarfokus og samordning av skreddarsydde tenester. Tenestemottakar skal, så langt det er råd, delta i arbeidet med eigen plan.Det skal til ei kvar tid vere ein person som har det overordna ansvaret for oppfølging og koordinering. BetalingTenesta er gratis. Korleis søke om individuell plan?Ta gjerne kontakt med koordinerande eining. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.Ulstein kommune brukar Visma Samspill for dokumentasjon av samhandlinga. Slik behandlar vi søknaden dinKommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.Du kan klage på vedtaketDersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.Send klaga di tilUlstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Publisert 05.07.2018 13:28 Sist endra 18.09.2025 13:13