DemenskontaktDet er mogleg å ha god livskvalitet med demenssjukdom, men god informasjon, rettleiing og samarbeid vil vere særs viktig.Ulstein kommune har eit demensteam som kan vere til hjelp. Du finn kontaktpersonane i tabellen under. Kontaktpersonar - demensteamUlstein kommune har eit eige demensteam som tilbyr støtte og rettleiing til personar med demens og deira pårørande.Elise Kleven er demenskontakt på onsdagar.Sandra Slettebakk er demenskontakt på torsdagar.Begge kan kontaktast på telefon 94 78 65 73 for spørsmål eller avtale samtale. Kva er demens?Demens er ei nemning for fleire ulike sjukdomar i hjernen som fører til svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevne i høve daglege gjeremål. Utredning er viktig for å utelate andre sjukdomar med liknande symptom, og for å få rett til hjelp og støtte - både for den som får demens og overfor pårørande.Kva kan demenskontakten hjelpe deg med?Kartlegge situasjonenVurdere behov for hjelpGi råd i høve hjelpemiddel som kan støtte hukommelse og auke tryggleikenOppfølging / samtalar med personar med demens og pårørandeRettleiing til personar med demens, pårørande og anna helsepersonellSamarbeide med lege, spesialisthelsetenesta og anna helsepersonellKva kostar det?Tenesta er gratis.Korleis søke om demenskontakt?Det er ikkje eige søknadsskjema for denne tenesta, så du må kontakte oss direkte på denne måten:demensteamet vårt er tilgjengeleg onsdagar og torsdagar, og du kan kontakte dei desse dagane på telefonnummer 94 78 65 73alternativt kan du ringe dagsenteret ved Alvehaugen på telefonnummer 48 16 82 47 NB! Ikkje send personsensitive opplysningar i e-post. Bruk gjerne e-dialog, som er ei sikker teneste: eDialog Publisert 04.07.2018 15:54 Sist endra 15.01.2026 14:07