Kommunal bustadKommunal bustad er i utgangspunktet eit mellombels tilbod om å leige bustad som Ulstein kommune eig. Målsetting er at den einskilde leigetakar kjem seg over i den private bustadmarknaden i løpet av leigeperioden. Husleigekontrakt for kommunale bustader opphøyrer difor som hovudregel etter ei ordinær leigetid på tre år. Bustadene er eit av fleire tilbod vi har for å hjelpe deg som vere vanskelegstilt på bustadmarknaden. Vi har fleire typar bustader lokalisert på ulike stader i kommunen. Det er eigedomsavdelinga som administerer utleiga av kommunale bustader. Digitalt søknadsskjema Søknadsskjema i PDF (PDF, 282 kB) Kven kan få tilbod om kommunal bustad?Tilbodet er til deg som er utan bustad, og for deg som ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen.Tildeling av kommunal bustad vert gjort etter lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.Gjeldande retningslinjer for tildeling av kommunal bustad.(HTM, 3 kB)Slik behandlar vi søknaden dinNår vi har fått søknaden vil du så snart som råd få førebels svar med oppsett dato for kartlegging av bustadbehovet ditt.Søknaden vert behandla av eit tverrfagleg team med representant frå Nav, eigedomsavdelinga og omsorgstenesta. Det vert halde møte ein gong i månaden. BetalingHusleiga varierer utifrå storleik og standard. Personar som bur i kommunal bustad kan på visse vilkår søke om bustøtte.Korleis avslutte leigeforholdet?Klikk her for å seie opp leigeforholdet.Du kan klage på vedtaketFristen for å klage på vedtak er tre veker.Send klage med grunngjeving og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon til Ulstein kommune ved kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.HusleigelovaHusleigelova regulerer plikter og rettar i forholdet mellom leigar og utleigar av bustader.Her kan du lese kva det er nyttig å vite om husleigelova. Publisert 11.07.2018 10:28 Sist endra 22.09.2025 09:37