Folkehelseperspektivet er godt innarbeidd i kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 11 MB) og i levekårsplanen (PDF, 243 kB).
Korleis skape god folkehelse?
Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane i lokalmiljøet, med til dømes gang- og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv. Det er derfor viktig at folkehelseperspektivet vert ivareteke i alle sektorar.
Klikk her for å lese kva Helsedirektoratet seier om folkehelse.
Korleis er folkehelsa i Ulstein?
Det er Folkehelseinstituttet som utarbeider ein folkehelseprofil med oversikt over helsetilstanden for befolkninga i kommunen. Her kan du hente folkehelseprofilen for Ulstein kommune.
Ut på tur?
Her finn du kart over friluftslivsområde og dei grusa turvegane i kommunen, og her finn du oversikt over StikkUT-turar.
Har du starta opp nye aktivitetar eller prosjekt vi bør vite om?
Meld det inn her!