Tomtene er sørvende og er frå ca. 800 m² til 1200 m² store.
Pris
Tomtepriser 380 kr per m².
Det vert i tillegg lagt til eit sakshandsamingsgebyr på kr 20 000 pr tomt.
Kart
Kart over dei kommunale bustadtomtene i Eiksund finn du her (Sunnmørskart.no).
Tomter som er merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal. Det kan vere at nokon av dei er handgitt (reserverte). Kontakt oss for å få opplysningar om kva handgjevingar som er gitt og når desse ev. går ut.
Dersom du er interessert i ei tomt som er handgitt, kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.
"S" betyr at tomta er seld eller formelt tildelt og utarbeiding av kjøpekontrakt/skøyte er i prosess.
Søk om tomt
Søknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling
Sjå film frå området, laga av Blåtind Fotografikk, på initiativ frå Bulyst Eiksund og Haddal: