Etter at parallelloppdraget var gjennomført så har det eine arkitektteamet, Kaleidoscope+COWI, vunne to prisar og fått omtale med prosjektet "powered by Ulsteinvik".
Prosjektet vart kåra til vinnar av Architizer A+Awards 2021. Det vart plukka ut frå over hundre nominasjonar over heile verda som vinnar av kategorien Architectural model/render. Du kan lese meir om det her.
Dei har også vorte kåra til eitt av dei 21 beste ubygde design for bustader i 2121. Her kan du sjå lista.
Prosjektet har også vorte omtalt på nettsida Designboom.
Nordic - Office of architecture har referert til sitt prosjekt under Oslo Urban Week, der dei har arrangert eit seminar om korleis byen kan gjere deg lykkeleg. Dagleg leiar, Diana Cruz, har i samband med dette skrive ein artikkel om "Rethinking Wellbeing for a Post-Covid City". Artikkelen kan lesast her.
Nordic - Office of architecureDet er gledeleg å sjå at ideane som kom fram under arbeidet med parallelloppdraget vert sett pris på av andre og at dei er med arkitektteama vidare i deira arbeid.
Også administrasjonen i kommunen har vore rundt om og snakka om prosjektet og hausta gode tilbakemeldingar. Kommunen har mellom anna delteke på desse konferansane:
- Tettstadseminaret 2021 - Vestnes
- Sammen for et aldersvennlig Norge - Gardermoen
- Klimasamling for kommunane i Møre og Romsdal
- Planlegg bo- og tjenestetilbud for framtiden - Film av Husbanken
Husbanken har vore på besøk og laga ein film som dei viste på sin konferanse:
Det vert no arbeidd vidare med områdeplan for Ulsteinvik sentrum. Vi har t.d. signert kontrakt med firmaet 7Analytics som held på å utvikle eit nytt dataprogram kalla Flomkuben som tek for seg overvasshandtering. Ulstein kommune skal i lag med Bergen kommune vere pilotkommunar. Tidlegare i haust vann 7Analytics Byggenæringens innovasjonspris med dette programmet.
Det blir spennande å sjå korleis vi kan nytte dette programmet inn i sentrumsplanen framover.