Hovudregelen er at du kan kjøpe ein eigedom utan å søke om konsesjon. Du må likevel stadfeste konsesjonsfridomen ved å fylle ut skjemaet her.(PDF, 222 kB) (PDF, 222 kB) Dei same reglane gjeld om du har overtatt eigedomen som gåve eller arv.
Fylle ut skjema:
Det er den som skal ta over eigedomen som skal fylle ut skjemaet og sende det til kommunen. Er det fleire eigarar skal kvar ny eigar fylle ut skjemaet.
Sjekkliste ved utfylling:
- Du skal alltid fylle ut opplysingane i punkt 1 og 2.
- Krysse av i eit av punkta 3 til 6 viss mogleg, elles kan det hende du må nytte punkt 7
eller 8. - Til slutt skal du fylle ut punkt 10 med kryss, dato og signatur.
Hugs at du berre skal krysse av eit av punkta 3 til 8. Sjå elles rettleiinga på side 3 og 4 i skjemaet.
Send skjema til kommunen:
På eDialog (sikker innsending av skjema): eDialog
Sende inn i post: Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik
Du kan også levere skjema personleg på rådhuset.
Svar frå kommunen:
Du får skriftleg svar når vi har ført konsesjonsforholdet i matrikkelen.
Normalt vil du få svar innan ei veke.
Det er fyrst når vi har ført konsesjonsforholdet at du kan sende inn aktuelle dokument (skøyte eller heimelserklæring) til Kartverket for tinglysing.
Kva kostar det?
Handsaming av konsesjonsfridom er gratis.