Kven kan rekvirere?
Grensejustering kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar som i følge firmaattest har signaturrett rekvirere grensejustering, jfr. Matrikkellova § 9 og matrikkelforskrifta § 34.
Kva skal rekvisisjonen innehalde?
Vilkår
Arealet mellom to eigedommar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
Ingen av eigedommane kan avgi eitt areal som overstig 20 % av eigedommen sitt areal før justeringa (80 % av eigedommens areal må ligge i «ro»).
Eigedommane sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp (1G). For anleggseigedom kan volumet aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 1000 m3.
Panterett fell bort i areal som blir avstått frå ein eigedom ved grensejustering. Og panterett i eigedom som får tillagt areal, utvidast til også å omfatte dette.
Ved grensejustering treng det ikkje skrivast skøyte, då partane si underskrift i protokollen under ei oppmålingsforretning erstattar dette.
Sjå matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34
Ved ulike planformål på omsøkte arealer må det søkast om dispensasjon.
Saksgang
Når kommunen har mottatt rekvisisjonen, blir den registrert og det blir gjennomført ein enkel dokumentsjekk. Er det manglar, orienterer vi om dette.
Dersom kriteria for grensejustering er oppfylte vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til heimelshavarar samt omfatta naboar til den aktuelle grensestrekninga. Etter at oppmålingsforretning er gjennomført vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt rekvirent og omfatta partar.
Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.
Pris på tenesta:
Fullstendig gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova finn du her. (PDF, 243 kB)
Sakshandsamingstid
For oppmålingsforretning med grensejustering er sakshandsamingstida på inntil 16 uker.
Skjema
rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.
Lovhenvisning
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Sjå også
Sunnmørskart
Min eigedom
E-torg