Deling av eigedom

Deling av eigedom er eit søknadspliktig tiltak etter Plan- og bygningslova. Ønsker du å dele eigedomen din (skille ut tomt), må du søke om frådeling. Ved oppretting av ny eigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.

To prosessar

  • Behandling av søknad om frådeling.
  • Oppmålingsforretning (grensepunkta vert merkt, nye grenser vert registrert i Matrikkelen ( det nasjonale eigedomsregisteret) og nytt bruksnummer vert tinglyst.

Dersom søknaden avvike frå reguleringsplanen, må du først søke om og få godkjend ei reguleringsendring.

 

Slik søker du

Du kan bestille naboliste, situasjonskart, planinformasjon etc. via e-Torg, kommunene på Søre Sunnmøre sin nettbutikk. Alternativt kan du sjølv hente ut kart og planopplysningar frå Sunnmørskart.no.

I søknaden legger du ved:

Skjemaet kan sendast 

  • på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no eller
  • i posten til Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. 

 

Informasjon om arealoverføring og skjemaet "Erklæring om arealoverføring" 

 

Sakshandsamingstid

- for frådelingssaker er inntil 12 uker frå søknaden er komplett.

- for oppmålingsforretning er inntil 16 uker.

 

Pris på tenesta:

Gebyr for frådeling og oppmåling 2023-satsar
Teneste Pris
Sakshandsamingsgebyr for frådeling av eigedom 5 000 kr
Oppmålingsforretning (eksempel - oppretting av eigedom inntil 2000 m² ) 23 733kr
Tinglysingsgebyr - elektronisk 540 kr
Tinglysingsgebyr - papir sendt via post 585 kr

Dersom søknaden medfører at det må gjevast dispensasjon, kjem gebyr for dette i tillegg. Det er ulike satsar alt etter omfanget av dispensasjonen.

Fullstendig gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova finn du her. (PDF, 238 kB)

Kontakt

Vegard Ertesvåg
ingeniør oppmåling/GIS
E-post
Telefon 90 47 56 29
Oda Jonette Hofset
ingeniør oppmåling/GIS
E-post
Mobil 48 99 60 92