Gjerde, levegg, støyskjerm og viltgjerde

Gjerde, levegg, støyskjerm og viltgjerde

Når du skal føre opp gjerde så er det di plikt å sete deg inn i dei reglane som gjeld. Før du går i gang så syt difor for å avklare tiltaket, og om naudsynt hente inn løyve.

 

 

 

 

 

 

 

Dersom eit gjerde vert sett opp i nabogrensa, så ta den gode dialogen med naboen FØR du går i gang med arbeidet.  Ei rekke lover regulerer spørsmål kring gjerde, og det kan vera eigne juridiske føresegner i reguleringsplanen for ditt bustadfelt/hyttefelt som du må sete deg inn i.  Det vert her gjeve ein kortfatta oversikt, men ta kontakt med kommunen om du er usikker på kva regler som gjeld for di tomt.

Nokre definisjonar:

Eit gjerde er ein open konstruksjon som du kan sjå gjennom, uavhengig av synsvinkel. Det kan for eksempel vere plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde eller smijernsrekkverk.

Ein levegg er ein tett skjerm som har til føremål å avgrense innsyn, støy og vind.  Levegg kan være frittståande eller samanbygd med anna byggverk.

Ein støyskjerm er ein tett skjerm som har til hovudføremål å avgrense støy, men som også vil skjerme for innsyn og vind. Støyskjermar er som regel ein tyngre konstruksjon med lyddempande materiale, som gjerne er lengre enn ein vanleg levegg.

Eit viltgjerde er eit høgare (ca 1,5 - 2,5 m) gjerde med meir open konstruksjon.  Viltgjerde har som funksjon å stenge husdyr inne, eller for å stenge vilt ute frå frukhagar og liknande.

Kva må du vere merksam på når du skal føre opp gjerde?

Aktuelle lovverk som handterar gjerde-spørsmål:

  • Grannegjerdelova ("Gjerdelova") og Grannelova ("Nabolova") - handterar dei privatrettslege forholda og rettigheitene kring gjerdespørsmål spesielt i nabogrensa.
  • Veglova - handterar reglar om søknadsplikt, plassering, materialbruk og høgde på gjerde mot veg.  Ver merksam på at ein i fleire høve SKAL søkja om løyve til vegeigar, dersom ein vil setja opp gjerde mot veg.  Veglova har og reglar for høgde på gjerde og hekkar i avkøyrsler og kryss.
  • Plan- og bygningslova - handterer reglar spesielt om søknadsplikt, dispensasjonar, kven som kan søke og reglar i strandsona.
  • Friluftslivlova - handterer reglar om oppsetting av gjerde i utmark som kan hindre fri ferdsel.
  • Dyrevelferdslova - handterer reglar for oppsetting og vedlikehald for å hindre at dyr vert skada.


Hugs at det kan vera ulike reglar i ulike bustadfelt/hyttefelt
Ulstein kommune har mange reguleringsplanar som gjeld for dei ulike bustadområda. Der det ikkje finst reguleringsplan, er kommuneplanen gjeldande. Viss du skal sette opp gjerde i bustadfelt eller rundt hytta, skal ein sjekke kva føresegner om gjerde som finst i reguleringsplanen for sitt område. I nokre reguleringsplanar kan det til dømes vere forbod mot å føre opp gjerde rundt tomta.  I andre reguleringsplanar er det sett ei øvre grense på maks høgde, særskilt då i forhold til gjerde mot vegareal. Då er høgda (ofte 50-70 cm) avgrensa i forhold til vegnivået for t.d. å ivareta siktsoner og gatemiljøet.  Hugs og at det kan vere eigne reglar for hekkar, både i reguleringsplan og i veglova. Dette gjeld spesielt om du har tenkt å sette opp hekk mot veg/kryss/avkøyrsle. Dersom du har satt opp gjerde eller hekk som ikkje er lovleg, kan kommunen pålegge deg å fjerna dette på eiga rekning. I større konfliktsaker, kan det gjevast tvangsmulkt eller overtredingsgebyr.


Treng du ein prat med naboen?
Der gjerde skal stå i nabogrense skal det vere semje mellom naboane. Alle har likevel i utgangspunktet rett til å sette opp gjerde mot naboane sine, dersom det ikkje er forbod mot gjerde i plan, og dersom gjerde vert sett opp etter gjeldande lovverk og naudsynte samtykker/løyver er gjeve. Vilkåra er at gjerde er bygd og vert vedlikehaldt slik at det ikkje er unødig eller urimeleg til fare, skade eller ulempe for naboane.

To gode naboarSkal du fjerne eit eksisterande gjerde, skal dette skje med samtykke frå nabo. Og i visse tilfelle må du ha samtykke frå naboen før du kan gå i gang med bygging av gjerde. Kommunen blandar seg normalt ikkje inn i privatrettslege forhold mellom naboar. Dette er regulert gjennom Grannegjerdelova og Grannelova. Kommunen oppfordrar likevel sterkt til god dialog naboar imellom FØR arbeid med gjerde vert starta opp, då dette kan førebygge mange konfliktar. 


Naboar kan krevje gjerdeskjønn om ein er usamd om gjerdesaker. Kommunen kan handtere saker der gjerde er sett opp i strid med gjeldande lovverk/planverk. 
 

Må eg søke kommunen eller andre om å føre opp gjerde?
Du treng ikkje søke dersom:

  • gjerde er lågare enn 1,5 m og har ein avstand til regulert vegkant (inkludert fortau) på minst 0,5 m. Gjerde mot veg som er høgare enn 1,5 m høgd SKAL søkast om til vegeigar.  Dette gjeld gjerde med open konstruksjon.  Det er strengare reglar for tette gjerde.  Meir informasjon om reglar for gjerde, hekkar o.l. mot veg finn du i Veglova.
     
  • leveggen er lågare enn 1,8 m, avstanden til naboen er 1 m og den er mindre enn 10 m langt.  Det er berre bygging av ein levegg som er unnteke søknadsplikt.  Ynskjer du å byggje to leveggar på 10 m, må du søke.  Dersom leveggen er mindre enn 5 m lang, kan du plassere den i nabogrensa. Leveggen kan ikkje hindre sikt i avkøyrsle frå veg, gardsplass og gang- og sykkelstiar, og skal ikkje koma i konflikt med byggegrenser mot veg, 100-metersbeltet i sjø og vassdrag eller veglova.

Hugs å sjekke om du treng samtykke frå naboen i høve avstand til nabogrensa.  Her finn du oppsummering av søknadsplikt og skjema for søknad.
 

Kan eg søke sjølv?
Dersom det du skal sette opp vert søknadspliktig så kan du vanlegvis sjølv stå føre søknaden. Men støyskjermar som får ein konstruksjon og plassering som set større krav til prosjektering og utføring, vil kunne underleggast ansvarsrett. Ta i så fall kontakt med oss for nærare informasjon og rettleiing om dette.


Spesielt om viltgjerde
Viltgjerde (gjerde over 1,5 m med open konstruksjon) er eit høgt gjerde som oftast vert nytta på landbrukseigedomar. I plan- og bygningslova (PBL) er det ikkje reglar for at det ikkje er søknadspliktig å setje opp viltgjerde. Det vil difor vere opp til kommunen gjennom skjønnsvurdering om eit viltgjerde vert rekna som søknadspliktig konstruksjon etter PBL og SAK 10 § 4-1.  Ved fleire høve er det viktig å få sett opp høgt gjerde for å halda vilt unna område med f.eks frukttrer, bærproduksjon eller trafikkerte område.  Av og til er det og heilt naudsynt å gjerde inn husdyr med høge gjerde. Eit viltgjerde kan likevel føre til ein del konfliktar, då spesielt om det vert plassert nær bustadar.  Eit viltgjerde kan somme tider vera skjemmande for andre, då spesielt dersom viltgjerde vert sett opp i nabogrensa mot bustadeigedom.  Ved dårleg vedlikehald av gjerde, og kanskje dårleg gjennomføring av oppsetting kan det bli utfordrande estetisk. For å unngå slike konfliktar, vert det oppfordra til god dialog med naboen FØR arbeidet med viltgjerde vert sett i gang.  Kanskje finn ein då gode løysingar på konfliktdempande tiltak tidleg i prosessen. Dette kan vere å føre opp gjerde i god avstand frå bustadtomt eller å bruke eit lågare gjerde forbi bustadtomta osv.


Kommunen vurderer søknadsplikt for viltgjerde slik:
Viltgjerde er søknadspliktig dersom det vert sett opp i nabogrense eller nær nabogrense til areal som ikkje er avsett til landbruk, natur og friluftsliv (LNF-areal). Det vil og kunne medføre søknadsplikt om viltgjerde vert sett opp i nærleiken av naboen sitt gardstun, hytte eller fritidshus. Ein slik søknad skal sendast til kommunen, og tiltaket skal i forkant nabovarslast. Viltgjerde er søknadspliktig dersom det skal settast opp i grensa mot veg. Ein slik søknad skal rettast til vegeigar. Søknadsplikt for viltgjerde i nabogrensa til bustadar sikrar at estetikk vert vurdert, og at gjerde vert sett opp på ein best mogleg måte med omsyn til kvalitet, materialbruk og gjennomføring av arbeidet. 

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom du er usikker på reglementet kring oppsetting av gjerde, søknadsplikta eller i forhold til reguleringsplan som er gjeldande for din eigedom eller anna.
 

Kontakt

Arild Støylen
fagansvarleg byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Trine Sæter
ingeniør byggesak/eigedomskatt
E-post
Mobil 46 88 07 87