FørehandskonferanseFørehandskonferansen skal sikre at du får den informasjonen du treng tidleg i planlegginga av byggeprosjektet.Føremålet med ein førehandskonferanse er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav knytt til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden. Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande for vidare saksgang. Det skal førast referat frå møtet.Det er viktig at du sender inn nødvendig informasjon om tiltaket i forkant av møtet, slik at kommunen kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon vert lagt ved førespurnaden:kva du skal bygge: kart, teikningar og skisserkor stort du skal bygge: høgd, breidd, arealkva du skal bruke byggverket tilinformasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn, kloakkspørsmåla du ønsker svar på i møtet For å reservere tid til førehandskonferanse, send e-post til byggesak@ulstein.kommune.no.Kva kostar det? 2026 FørehandskonferanseTenestePrisKommentarFørehandskonferanse -inntil 60 minutt inkl. skriftleg referat (PBL § 20-4)1 840 krtillegg pr 30 minutt = 1/4 av grunnsatsFørehandskonferanse -inntil 60 minutt inkl. skriftleg referat (PBL § 20-3)3 373 krtillegg pr 30 minutt = 1/4 av grunnsats Publisert 23.04.2024 15:06 Sist endra 09.01.2026 15:09