Bruksendring

Bruksendring

Dersom du ønsker å bruke eit rom til noko anna enn det det var godkjent for, er dette ei bruksendring som må omsøkast. 

Du må til dømes søkje bruksendring om du vil

  • endre eit rom frå å vere ein tilleggsdel (t.d. bod) til hovuddel (t.d. stove) eller omvendt 
  • endre talet på sjølvstendige bueiningar (oppdeling eller samanføying)
  • bruke delar av bustaden din til eit anna formål (t.d. næring) 

Prøv vegvisaren for bruksendring

Informasjon om bruksendring finn du på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.

Kan du søkje sjølv?

Ved mindre bruksendringar der bruken av rommet kan endrast utan større arbeid, kan du som huseigar søkje sjølv. Ved større endringar, som å dele opp bueininga i fleire sjølvstendige einingar, samanføye dei eller gjere tiltak i berande konstruksjonar må eit ansvarleg føretak både søke og bygge for deg. 

Korleis søkjer du?

For mindre bruksendringar kan du bruke skjemaet søknad om bruksendring. Hugs å forklare tydeleg kva funksjonar rommet har hatt og kva funksjonar det skal ha etter endringa.

Det er viktig at du legg ved

  • planteikningar (helst i mål 1:100) der det kjem klart fram kva areal/rom som skal bruksendrast.
  • nabovarsel og fasadeteikningar dersom endringane fører til fasadeendring som for eksempel innsetting av vindauge eller ytterdører på nye plassar (gjeld ikkje utskifting av eksisterande).

Skjemaet med vedlegg kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no eller i posten. Postadressa er Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Kva kostar det?

2024 Bruksendring
Type bruksendring Pris
Mindre bruksendring (innan same bueining) 5 300 kr
Større bruksendring (t.d. oppretting av ny sjølvstendig bueining) 10 335 kr

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden din vert handsama innanfor gjeldande lovverk utan ugrunna opphald.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Vi gjer vedtak innan tre veker etter at saka er komplett.

Nyttig lenke

Plan- og bygningslova

  

Kontakt

Arild Støylen
fagansvarleg byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Trine Sæter
ingeniør byggesak/eigedomskatt
E-post
Mobil 46 88 07 87