Nokre aktivitetar er allereie gjennomførte:
Elevane har skrive brev til kvarandre, nokre har laga presentasjonar av klassa si eller videopresentasjon.
Nokre klassar har besøkt kvarandre.
i Veke 11 gjennomførte 5. trinn ved Ulsteinvik barneskule ei uforgløymeleg framsyning av Løvenes konge. Elevane arbeida lenge og grundig med produksjonen, og resultatet lyste av engasjement, samarbeid og skaparglede. Med song, dans, fargerike kostyme og imponerande kulisser skapte dei ei teateroppleving som imponerte både publikum og skulen.
Samlingsstund er ein kjær tradisjon ved Ulsteinvik barneskule, og kvart år er det 1., 3. og 5. trinn som får ansvar for å setje saman programmet. Framsyninga blir vist både for elevane ved skulen og for 5‑åringane i barnehagane i kommunen. På kvelden inviterer elevane også føresette til ei eiga vising som er eit høgdepunkt for mange.
Denne gongen var elevar frå Ulstein skule inviterte som publikum. Besøket er ein del av arbeidet fram mot samanslåinga av Ulstein skule og Ulsteinvik barneskule, og gav ein flott moglegheit til å byggje fellesskap og felles opplevingar på tvers av skulane.
Vi takkar 5. trinn for ei strålande framsyning og gler oss til fleire flotte samlingsstunder i tida som kjem.

Vidare skal vi gjennomføre fleire aktivitetar framover:
Fleire aktivitetar på tvers av skulane, slik at alle elevgrupper får møte kvarandre og bli kjende.
Omvisingar der elevar får vise kvarandre rundt og fortelje om kvardagen på sin skule.
Felles turar og uteaktivitetar, med grilling, leik for å skape gode felles erfaringar.