Grunnskule for vaksneUlstein kompetansesenter tilbyr tilpassa grunnskuleopplæring for vaksne. Kven er tilbodet for? Etter opplæringslova har du rett til slik opplæring viss du er over 16 år, ikkje har rett til videregåande opplæring oghar behov for grunnskule. Kva omfattar opplæringa? Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne.Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Kva kostar det?Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis. Korleis søker eg om grunnskuleopplæring for vaksne? Du søker ved å bruke dette elektroniske søknadsskjemaet. Sjå også: spesialundervisning for vaksne Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Publisert 03.10.2018 09:18 Sist endra 10.04.2025 14:05