Sætra kommunale barnehage

Sætra kommunale barnehage

Sætra kommunale barnehage ligg naturskjønt til på Onlgasætra i Ulsteinvik. Barnehagen har inntil 43 plassar for barn i alderen 1-6 år og tilbyr eit trygt, inkluderande og omsorgsfullt miljø der leik, læring, vennskap og utvikling står sentralt i kvardagen. 

Bilete av bygget til Sætra kommunale barnehage, som er måla i blått og turkis. - Klikk for stort bileteSætra kommunale barnehage. Ulstein kommune

 

Frå 1. august er Sætra barnehage ein kommunal barnehage i Ulstein kommune. 

Dei gode tradisjonane og kvalitetane som er bygde opp gjennom mange år vert vidareført, samstundes som vi vidareutviklar barnehagen gjennom fagleg utvikling, samarbeid og kvalitetsarbeid som ein del av kommunen sitt samla barnehagetilbod.

Barnehagen har flott plassering med skog og fjell i nærområdet, og nyttar naturen aktivt som ein del av det pedagogiske arbeidet. Vi går også turar til fjøra og legg til rette for naturopplevingar og aktivitetar gjennom heile året. Frå barnehagen ser vi både den vakre bygda vår og skipsindustrien som Ulsteinvik er kjend for.

Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er viktig for oss. Gjennom open dialog og gjensidig tillit arbeider vi saman for at barna skal ha ein trygg, utviklande og meiningsfull barnehagekvardag. 

Sætra barnehage nyttar Vigilo som digital plattform for kommunikasjon mellom heim og barnehage. Her får føresette viktig informasjon, kan melde frå om fråvær og halde oversikt over meldingar og aktivitetar i barnehagen.

Kontaktinformasjon:

Styrar Karoline M Møller

Telefon: 98 84 58 43

E-post: karoline.moller@ulstein.kommune.no

 

Besøksadresse:

Onglasætra 18, 6065 Ulsteinvik