– Det har vore veldig lærerikt, kjekt og godt å vere rektor på Ulstein skule dei siste 4,5 åra. Men no var det tid for å få nye utfordringar, seier Haug.
Ulsteinvik barneskule treng ny rektor etter at tidlegare rektor, Karen Strand, vart tilsett som kommunalsjef oppvekst og kultur etter Gry Nordal.
– Ulsteinvik barneskule er ein stor organisasjon med mange elevar som skal oppleve skulen som trygg og god for å utvikle seg og lære. Og der er mange tilsette som skal ha gode rammer for å kunne gi elevane det dei treng. Eg er stolt over at eg får sjansen til å vere med å føre skulen vidare i si utvikling, seier Haug.