Fredag 27. februar kunne rektor Hedvig Haakonsholm og ein heil skulegard full av elevar smile frå øyre til øyre i kapp med vårlege temperaturar på Hasund skule.
Å få nye leiker er ikkje lenger kvardagskost - så når Hasund og Sundgot sanitetsforeining kom med fire flunkande nye syklar av beste kvalitet i gåve, var det stor stemning i skulegarden. Hedvig leia ei kort, lita overrekking til spente elevar som stod i kø for å ta dei nye syklane i bruk.
“Vi er svært takknemlege for gåva sanitetskvinnene har gitt til oss. Dette vil bli mykje brukt".
Og det var ikkje vanskeleg å sjå at elevane var einige.
Hasund og Sundgot sanitetsforening kom med ei kjærkomen gåve til elevane på Hasund skule
Ikkje vanskeleg å leite fram smilet på ein slik dag
Taxi-næringa i Ulstein har god rekruttering. Og nullutsleppskøyretøy er ei sjølvfølge
Rektor Hedvig Haakonsholm hadde sitt fulle strev med å passe på at alle fekk prøve dei nye syklane
Ole Terje Sukka
Publisert av Ole Terje Sukka
Publisert 02.03.2026 15:18
Sist endra 03.03.2026 12:38