Stolte animatørar ved Hasund skule

Stolte animatørar ved Hasund skule

Natalie Lillerovde Frå skisse til animasjonsfilm. Elevane i 7. klasse ved Hasund skule har vorte kursa i animasjon.

Tekst: Natalie Lillerovde

Tysdag 15. mars hadde 7.klasse ved Hasund skule animasjonsverkstad med Jan Rune Blom. Etter å ha fått ein introduksjon i kva animasjon er for noko, fekk elevane sjå fleire av produksjonane som Jan Rune har arbeidd med. Her fekk dei mellom anna sjå bilde og filmsnuttar av korleis Jul i Flåklypa vart laga. Vidare fekk elevane prøve seg på å produsere korte animasjonsfilmar sjølve. Her gjekk dei stegvis fram frå skisse til utforming av figurar, og vidare til bildetaking og filmskaping. 

Elevane fekk ei god og effektiv innføring i animasjon, og enda til slutt med ein animasjonsfilm som dei stolt kunne vise fram til medelevane sine. 

Natalie Lillerovde

Natalie Lillerovde
Natalie Lillerovde