Stenger fredag 4. mars

Stenger fredag 4. mars

Ulstein ungdomsskule. Janne-Marit Myklebust Grunna høgt koronafråvær blant tilsette, må ungdomsskulen ha heimeskule, fredag 4. mars.

Skulen var også stengt for oppmøte tysdag 1. mars og onsdag 2. mars. Torsdag 3. mars kunne elevane møte igjen, men no melder skulen at dei må halde stengt også fredag 4. mars.

- Som prognosane tilsa så vart fredagen vanskeleg i høve nok tilsette til forsvarleg drift. Etter å ha prøvd heile føremiddagen manglar vi enno 10-11 personar for å drifte skulen. Då er tida der for nødvendig time out, seier rektor Tor Arne Aasen, torsdag føremiddag.

- Eg har difor bestemt at vi held elevstengt fredag. Same prinsipp som tys-ons i høve at lærarar gjer tilgjengeleg stoff. Prognosane er gode for vanleg drift frå måndag. Dersom det ikkje kjem anna info så er det ordinært oppmøte måndag.

- Eg vil rette ei kjempetakk til alle tilsette for innsatsen og forståelsesfulle elevar/føresette for at vi fekk til dagen i dag slik at elevane slapp altfor lang samanhengande heimeperiode.