Sponsorløp for barn i Ukraina

Sponsorløp for barn i Ukraina

Denne gjengen sprang inn til saman 32 000 kroner til barna i Ukraina. Trude Håkonsholm Lunaas Elevane ved Haddal skule sprang inn pengar til barna i Ukraina.

Tekst: Lene Gamlemshaug

Elevane ved Haddal skule har hatt sponsorløp der dei har samla inn pengar til barna i Ukraina. Dei fekk familie og kjente til å vere personlege sponsar. Dei som sponsa kunne enten sponse per runde dei sprang rundt Haddal stadion eller med eit enkelt beløp. Alle elevane sprang mange runder og var veldig flinke til å hjelpe kvarandre om nokon vart litt sliten på vegen.  Alle elevane på Haddal skule gjorde ein kjempegod innsats og fekk til saman samla inn 32 000 kroner som går til Redd Barna sitt arbeid for barn i Ukraina.