Smarte unge entreprenørar

Smarte unge entreprenørar

Ein robot som kan ha klar middagen din når du kjem heim. Synnøve Haug Kunne du tenke deg ein robot som brettar kleda dine? Eller kanskje ein robot som ordnar både kaffi og middag? Det er håp!

Tekst og foto: Synnøve Haug, rektor Ulstein skule

7. klasse på Ulstein skule har delteke på Smart Ungt Entreprenørskap på Skaparhuset, i lag med Haddal skule. Programmet gjekk over tre dagar og elevane fekk i oppdrag å lage prototypar av eit produkt som kan gjere kvardagen enklare. Prototypane skulle lagast av materiale som elles vert kasta.

Elevane ved Ulstein skule laga robotar til å brette klede. Ei maskin til å lage kaffi slik at du vaknar til lukta om morgonen. Ein robot til å lage middag, denne roboten var styrt av Siri. Dei laga også ein aktivitetsapp der dei som deltek får ein premie på slutten av veka.

Elevane har vore kreative i tenking og utforming av dei ulike prototypane.

Denne gjengen har laga ein prototyp av ein robot som kan brette kleda dine. Synnøve Haug

 

Kva med å vakne opp til ferdig trakta kaffi? Synnøve Haug
Her har elevane laga ein aktivitetsapp som premierer deltakarane mot slutten av veka. Kanskje med ein sjokolade? Synnøve Haug