Fotballtrøyefredag gjekk av stabelen 9. mai, og er ein dag som er til for å vise støtte til barn og unge med kreft.
Aksjonen samlar også inn pengar til livsviktig forsking.
Ved Ulstein ungdomsskule stilte både tilsette og elevar opp i favorittdrakta si for å vere med på markeringa.
Du kan lese meir om aksjonen her; Fotballtrøyefredag.
Og så er det sjølvsagt ei sak vi kan støtte opp om heile året!
Dei tilsette ved Ulstein ungdomsskule tok fotballtrøyefredag på stort alvor.