Samtykkeskjema for jodtablettar

Samtykkeskjema for jodtablettar

Jodtablettar. Janne-Marit Myklebust

Ulstein kommune har sendt ut skjema til alle foreldre/føresette til barn i barnehage og grunnskule om samtykke til utdeling av jodtablettar ved ei atomhending der det kan vere fare for radioaktivt nedfall.

Føresette må logge seg på Edlevo-appen for å lese meldinga og gi samtykke.

Utdeling av jodtablettar vil ved ei atomhending skje i skuletida (08.30 - 14.00) og opningstida i barnehagen (08.00 - 16.00) til barn som har føresette sitt samtykke. Ved varsel frå styremaktene om utdeling av jodtablettar utanom skule-/opningstid, skal føresette hente desse på skulen/i barnehagen snarast råd.

Elevar som går privatskule i t.d. Herøy kan møte opp på helsestasjonen med sine føresette for utdeling av tablettar.

LES OGSÅ: - Har jodtablettar til alle under 18 år

Eit gitt samtykke gjeld fram til barnet/eleven fyller 16 år.

For føresette som bur på same adresse er det nok at den eine samtykker. For barn der føresette har ulike adresser, må begge føresette gi samtykke. For barn som er registrert med annan ansvarleg vaksen, skal denne gi samtykke.

Jodtablettar kan verne mot kreft i skjoldbrukskjertelen, og er tilrådd av Kriseutvalet for atomberedskap til barn under 18 år, gravide og ammande.

Desse skal ikkje ta jodtablettar

Barn som har betennelse i skjoldbrukskjertelen, forstyrra skjoldbrukskjertelfunksjon eller allergi mot jod/jodtablettar skal ikkje ha jodtablettar. Lege bør konsulterast ved mistanke om ev intoleranse mot jod. Personar som har operert bort skjoldbrukskjertelen treng ikkje ta jodtablettar.