Opningsfest for ny sykkelbane

Opningsfest for ny sykkelbane

Applaus, leik, tale, snorklipping, musikk, is og strålande vårsol då den nye sykkelbana ved Ulstein skule var offisielt klar til bruk.

Tekst: Norunn Velsvik

Torsdag 18. april var det fest ved Ulstein skule!

Den nye sykkelbana vart offisielt opna, og elevrådet arrangerte opningsfest med tale, snorklipping, musikk og demonstrasjon av syklistar. Festen var tavslutta med is til alle i den fine vårsola.
Elevrådet gjer ein god jobb for trivsel og læring på skulen. I tillegg er vi veldig heldige som har eit aktivt og engasjert foreldrearbeidsutval (FAU). FAU vart applauderte på festen, og vi retta ei stor takk for alt dugnadsarbeidet som vert gjort for skulen vår. Det er foreldra som har laga sykkelbana vår.
Uteområdet ved Ulstein skule inviterer til leik, trivsel og glede. Vi ser fram til vidare utvikling av området.
 

Saks og snor. - Klikk for stort bileteSnorklipping høyrer med når det er høgtidsstund og opningsfest. Liz Torine Enerhaug Fem syklistar, sykkelbane. - Klikk for stort bileteTesting av ny sykkelbane ved Ulstein skule. Liz Torine Enerhaug Alle elevane samla utanfor skulen. - Klikk for stort bileteHeile gjengen samla til opningsfest. Liz Torine Enerhaug Elevar utanfor Ulstein skule. - Klikk for stort bilete Liz Torine Enerhaug