Ny app for foreldre og føresette

Ny app for foreldre og føresette

Har du barn i skule eller barnehage i Ulstein? Då kan du laste ned appen Vigilo, slik at du kan sende og få meldingar som gjeld barnet ditt.

To personar som held kvar sin mobiltelefon. - Klikk for stort bilete pixabay.com

Vigilo erstattar appen Edlevo som vi har brukt til no.

Du kan lese meir om appen på informasjonssidene våre.

I løpet av august skal vi vere oppe og gå på den nye appen. Oppvekstkontoret og leiarar i barnehage og skule tok i bruk systemet 1. august.

Pålogging gjennom ID-porten vert aktivert 9. august for andre. 

Sikker kommunikasjon

Den lukka løysinga sikrar personvernet, er trygg og effektiv, og samlar all kommunikasjon på ein stad. Løysinga erstattar kommunikasjon via ranselpost, e-post og SMS. 

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen barnehagekonsulent
70017707
@ Ann-Christin Bonde Helliksen
Nils Ertesvåg pedagogisk konsulent
70017710
90679511
@ Nils Ertesvåg