Forstår du kva som står på denne lappen?
Desse teikna var skrive på lappen i flaskeposten som fjerdeklassingane ved Hasund skule fann i Johanfjøra.
privat
Det gjorde heller ikkje fjerdeklassingane som var på fjøretur i Johanfjøra. I ei brun flaske med rusten topp, funnen av Nicolai Garnes, låg der ein koda bodskap.
Klassa likar godt å vere på tur, og tysdagane varierer dei litt kvar turen går. Nokre gongar kosar dei seg med pannekaker, og andre gongar er det krabbesnøret som er med i sekken. Denne tysdagen var det derimot flaskeposten som fekk mest merksemd.
Nicolai Garnes og resten av klassa var på tur i Johanfjøra då Nicolai fann ein flaskepost med eit kodebrev inni.
Janne-Marit Myklebust
Fekk eksperthjelp
Fleire i klassa fortel at også dei har sendt flaskepost – for lenge sidan, men felles for alle er at dei har vore ganske tydelege på å skrive namnet sitt på lappen inni. Dei har i alle fall ikkje brukt kode.
Flaskepostbodskapen i den brune flaska var uleseleg, men Nicolai visste råd. Heime har han nemleg ei klok mamma som med litt tolmod og kløkt, klarte å knekke koden.
privat
“Hei, mitt navn er Malli og eg sendr denne flaskepost i håp om at ein heldig gen finnr den.”
No lurer fjerdeklassingan fælt på kven dette kan vere? Dei trur det må vere ei jente, men heilt sikre er dei ikkje.
– Vi trur kanskje det kan vere ei som har gått på skulen vår før. Det hadde vore kjekt å finne ut kven det er, og kanskje personen vil møte oss på skulen? håper gjengen i fjerdeklasse.
Og utan at dei kan love noko, så går det rykter om at pannekakene deira er svært gode. Så kanskje det kan vere eit godt lokkemiddel for å få kodeskrivaren fram i lyset!