Kjempeinnsats for barna i Ukraina

Kjempeinnsats for barna i Ukraina

5. klasse ved Hasund skule har samla inn pengar til Ukraina. Sebastian Eide Etter å ha lært og prata om situasjonen i Ukraina var 5. klasse ved Hasund skule bestemte på at dei ville gjere noko for å betre situasjonen litt for barna som er råka av krigen.

Tekst: Sebastian Eide

Elevane blei einige om at pengane skulle samlast inn ved hjelp av sponsorløp. På førehand hadde elevane kontakta familie, kjente og andre for å be om sponsing per runde dei sprang. På dagen for sjølve løpet viste dei stor innsats og gav alt for å kome seg gjennom flest mogleg runder rundt Hasundgot stadion. Dei aller ivrigaste var oppe i heile 27 runder!

På slutten av aksjonsperioden hadde klassa samla inn heile 21 960 kroner til Redd Barna sitt arbeid for barna i Ukraina. Det vitna om ei utruleg givarglede blant sponsorane! 

Summen som klassa samla inn vil gå til blant anna medisin, reint vatn, mat, nødvendig utstyr, beskyttelse og utdanning.

Avslutninga av aksjonen blei feira med is på skulen og lovord frå både kontaktlærar og leiinga ved skulen.