Det spirar og gror i kommunen, og teknisk etat gjer sitt beste for å prøve å halde grøftene våre i stand. No er dei i full gang med kantslåtten, og reknar med å fullføre dette i løpet av den komande månaden.
– Vi oppmodar alle om å halde god avstand, enten du køyrer eller går, seier arbeidsleiar Even Soleng.
Han oppmodar også om at hekkar og busker som veks innover veg/gangveg vert klipt slik at det vert tryggare å ferdast i gatene våre.
Her finn du tips om kva reglar som gjeld for hekkeklippen: Slik gjer du hekken din trygg for mjuke trafikantar
Kantslåtten er i gang i Ulstein.
Even Soleng