Inviterer til datakafé for eldre

Inviterer til datakafé for eldre

Thea Hjertø Eiksund, Vetle Nevstad, Brage Skodjevåg Bø, Julie Helena Fredriksen Sjåstad, Ella Tødenes, Elise Gjerde Engh og Leah Sofie Rossi-Kaldhol. Ulstein ungdomsskule Lurer du på noko om data? Denne gjengen står klar til å hjelpe, tysdag på Bygdastova.

Meir og meir av degleglivet vårt er avhengig av datakunnskap, og dette kan vere ei utfordring for mange eldre.

Ungdomsskuleelevar frå faget "Innsats for andre" inviterer difor til "Datakafé for eldre" på Bygdastova. Dette er eit lågterskeltilbod for eldre i Ulstein som ønsker hjelp til å bruke data, nettbrett og mobil. 

Føremålet er å trygge eldre i bruken av data. 

Saniteten har sponsa I-padar som kan nyttast i opplæringa.

Om du tenker dette er noko for deg, eller kanskje nokon du kjenner, er det berre å møte opp på Bygdastova 8. mars klokka 14.30-16.00. 

Arrangementet vert kvar tysdag framover.

Velkomen til ei sosial og kjekk samling!