pixabay
Kommunen minner om at det er krav om bruk av munnbind på bussen for elevar over 12 år, så lenge det ikkje er mogleg å halde nødvendig avstand (1 meter).
Dette som følge av nasjonal forskrift der det er krav om munnbind i samband med skuleskyss, så lenge det ikkje er mogleg å halde nødvendig avstand (1 meter).
Tilbakemeldingane kjem frå samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Dette er eit viktig smitteverntiltak for å redusere smitte i tida som kjem, skriv fylkeskommunen i ein e-post til kommunane i Møre og Romsdal.
Publisert av Janne-Marit Myklebust
Sist endra 13.12.2021 14:04