Nordal går av med pensjon, og har sin siste arbeidsdag, siste dag i juni.
Strand, som i dag er rektor ved Ulsteinvik barneskule, tek til i jobben 1. august.
– Det var med litt vemod eg takka ja til stillinga. Ulsteinvik barneskule er ein fantastisk flott arbeidsplass med dyktige tilsette og ei flott elevgruppe. Eg trivst kjempegodt, og kjem til å sakne alle her.
Strand har heile arbeidskarrieren hatt Ulsteinvik barneskule som hovudarbeidsplass, både som lærar og rektor. Heilt slepp på skulen treng ho likevel ikkje å gi. Som kommunalsjef vil ho vere øvste leiar for alle barne- og ungdomsskulane og kulturetaten.
– Stillinga som kommunalsjef verkar å vere utruleg spennande og utfordrande, og eg gler meg stor til å ta fatt på jobben. Eg ser fram til å få vere med på å utvikle gode tenester til innbyggarane i Ulstein.