Grønt nivå i skular og barnehagar
Ulsteinvik barneskule.
Janne-Marit Myklebust
Kriseleiinga i Ulstein har i møte onsdag 26. januar bestemt at alle skular og barnehagar i kommunen skal drive på grønt nivå.
Sentrumsskulane har drive på gult nivå dei siste to vekene grunna eit større smitteutbrot, men smittetrykket her er på veg ned. Det er også lite eller inga smitte i krinsskulane og i barnehagane.
Vedtaket i kriseleiinga er gjeldande frå onsdag 26. januar, men skulane og barnehagane har til måndag på planlegge for grønt nivå.
Fleire av kommunane i Sjustjerna har gjort same vurdering i sine kommunar.
Publisert av Janne-Marit Myklebust
Sist endra 16.02.2022 13:53