For elevar i 1.klasse, er det 12 timar gratis kjernetid i SFO. Det er vidare varsla innføring av gratis kjernetid i SFO for elevar som er påmeld SFO i 2.klasse, frå 01.08.2023.
Ordninga inneber ei moderasjonsordning på 12 timar per veke i fråtrekk på eigenbetalinga i SFO det skuleåret barnet går i 1.- og 2. klasse. Denne ordninga kjem i tillegg til ordninga med redusert foreldrebetaling til hushaldningar med låg inntekt. Barn med særskilte behov har i tillegg til gratis kjernetid i 1.- og 2. klasse, tilbod om gratis SFO 5. – 7.klasse.
Lenke: Les meir om SFO-tilbodet i Ulstein her.
Ulstein kommune har for skuleåret 2023/2024 tilbod om SFO med 2, 3, 4 eller 5 dagar SFO. Omrekna til timar, vil ei moderasjonsordning for elevar i 1.- og 2.klasse frå skuleåret 2023/2024 vere slik med dei ulike dagstilboda:
Tilbod
|
Timetal
|
Ordinær sats/mnd
|
Moderasjon
|
SUM
|
SFO 2 dagar
|
9,6 t
|
1200 kroner
|
1500 kroner
|
0 kroner
|
SFO 3 dagar
|
14,4 t
|
1800 kroner
|
1500 kroner
|
300 kroner
|
SFO 4 dagar
|
19,2 t
|
2400 kroner
|
1500 kroner
|
900 kroner
|
SFO 5 dagar
|
24.0 t
|
3000 kroner
|
1500 kroner
|
1500 kroner
|
Med atterhald om politisk handsaming vil vedtektene for SFO verte endra i tråd med endringa i forskrift til opplæringslova, men likevel slik at betaling for SFO vil vere for 11 månader og med ferietilbod haust, vinter og sommar inkludert i eigenbetalinga.
Skulle ordninga med gratis kjernetid også for 2. klasse verte innført slik det er varsla, vil faktura for august 2023 for elevar i 1.klasse og 2. klasse som er påmelde SFO 2023/2024 verte rekna ut frå moderasjonsordninga som vist over.