- Ein god oppvekst varer heile livet

- Ein god oppvekst varer heile livet

Prosjektleiar veldferdsteknologi Hildegunn Utgård, fagteamleiar Anette Hauger frå barnevernet , pedagogisk konsulent Nils Ertesvåg og kulturskulerektor Julianne Hauge. Janne-Marit Myklebust

Sosial ulikskap var tema for den fjerde samlinga i God oppvekst i Ulstein. - Eit utviklingsarbeid utan sluttdato!
 

- Dette er eit utviklingsarbeid utan sluttdato! seier kommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Nordal.

Denne veka var leiarar frå skule, barnehage, omsorg, barnevern, PPT, NAV og IMU samla på Sjøborg for å drøfte utfordringane som følgjer med sosial ulikskap blant innbyggarane i ein kommune.

Karin Gustavsen, sosionom, sosiolog, samfunnsforskar og førstelektor var blant dei som var med for å inspirere og motivere.

- Er de godt nok koordinert og har de gode nok samordna tiltak? De gjer opplagt mange ting som er bra og de har god handlingsvilje. Sjå på dei gode praksisane og dyrk det de er gode på, rådde ho.

Kommunalsjef helse og omsorg Marit Botnen,Khristin Myrene og PPT-leiar Ingrid E. Haug. Janne-Marit Myklebust  

NAV-leiar Alexander Måseidvåg viste eit oversyn over det lokale bildet når det kjem til sosial ulikskap. 

- Utanforskap i NAV handlar mykje om å stå utanfor arbeidslivet, og dette forklarer også ein del om sosiale skilnader.

Måseidvåg trekte særleg fram kor viktig det er å få tak i dei unge som fell utanfor av ulike grunnar.

- Dei som ikkje vil, dei som ikkje kan, dei som ikkje får. Det er ulike ting som hindrar folk i å tre ut av utanforskap og inn i varmen. Det er berre tverrsektorielt samarbeid som kan redusere eller fjerne desse hindringane. Utan klarer vi det ikkje, var hans tydelege bodskap.

Kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust heldt også innlegg. T.h. Karoline Stokseth frå Vikemarka barnehage. Janne-Marit Myklebust -  Kva møter de der de jobbar, og kva gjer di eining for å motverke sosial ulikskap? Er det noko vi kan gjere med strukturane våre? stilte skulesjef Vegard Sæter Gurskevik spørsmål om.

Samlingane skal legge til rette for samarbeid og utvikling av samhandlande tenester for barn og unge i Ulsteinsamfunnet.
Janne-Marit Myklebust