Ei strålande veke på leirskule på Dombås

Ei strålande veke på leirskule på Dombås

Snøholegraving. Natalie Lillerovde  Sjuandeklassingane ved Hasund skule hadde ei flott veke på Dombås i veke 7, ilag med elevar frå Haddal og Ulstein.

Tekst: Natalie Lillerovde, Hasund skule

Måndagen starta med omlag fem timar i buss, før det bar rett ut på langrenn. Her fekk vi testa skiferdigheiter gjennom ulike aktivitetar og leik, både på stadion og i langrennsløypene.

Skientusiastar. Natalie Lillerovde

Vidare fekk vi også prøvd oss på både trugetur, alpin og snøholegraving, før den store, berykta langturen på torsdagen. Dette var ein dag mange hadde grua seg til, og det vart ei stor overrasking for mange at det å gå ei mil på langrennsski ikkje var så gale som dei fyrst hadde trudd :-)

Blid gjeng! Natalie Lillerovde I løpet av veka har skiferdigheiter og meistringskjensle auka i takt med kvarandre, noko som for mange har gitt meirsmak! I nydeleg vintervêr har vi fått vore med på mange kjekke aktivitetar ute i frisk luft, mange nye vennskap  har oppstått, og elevane har fått lært mykje nytt om seg sjølve og om kvarandre. Natalie Lillerovde   

Natalie Lillerovde   Snøholegraving. Natalie Lillerovde   Natalie Lillerovde   Natalie Lillerovde   Natalie Lillerovde