– Det er veldig kjekt, og så går det farleg fort når det regnar!

– Det er veldig kjekt, og så går det farleg fort når det regnar!

Ungar i leikeapparat. - Klikk for stort bileteBerthe Baade Yksnøy i full fart ned silebana. Janne-Marit Myklebust

Stor glede over splitter nytt leikeapparat ved Haddal skule.

– Vi hadde eit gammalt og rote leikeapparat som vi vart nøydde til å fjerne. Då Idar Brekke frå Ulstein Eigedomsselskap kom og fortalde at vi skulle få nytt, vart vi jublande glade, fortel rektor Vibeke Vigestad Berge.

Servering av pølser ute. - Klikk for stort bileteNesten som 17. mai. Rektor Vibeke Vigestad Berge sikra seg ei pølse frå eit spandabelt eigedomsselskap. Janne-Marit Myklebust

I strålande sunnmørsvêr (regn, ja), vart det nye leikeapparatet feira med pølse- og kakefest på skulen i regi av eigedomsselskapet.

Karen Strand klipper snora. - Klikk for stort bileteKommunalsjef Karen Strand fekk æra av å vere snorklippar for det nye leikeapparatet ved Haddal skule. Janne-Marit Myklebust

Elevane ved skulen song vennskapslåten "Kom som du er" til alle frammøtte, før dei fekk springe og boltre seg i det nye apparatet.

Elevar frå Haddal skule står oppstilt utanfor skulen og syng. - Klikk for stort bileteDet varma med song på ein elles ganske kald og våt dag. Janne-Marit Myklebust

Både tilsette, elevråd og nokre av foreldra har fått vere med og seie sitt i prosessen, og rektor rosar det gode samarbeidet med Ulstein Eigedomsselskap.

Ho får eit unisong "JA!" frå elevane, når ho spør om dei er nøgde.

Idar fordeler marsipankake på fat. - Klikk for stort bileteIdar Brekke frå Ulstein Eigedomsselskap KF har leia prosessen med nytt leikeapparat ved Haddal skule, og tok også ansvar som kakekuttar då dei hadde fest. Janne-Marit Myklebust

Berthe Baade Yksnøy har høg snittfart når ho silar ned frå det nye leikeapparatet.

– Det er veldig kjekt! Men kanskje litt farleg når det er vått, ler ho. 

– Då går det fort!

Fort er ofte det same som kjekt. I alle fall i ei silebane. Heldigvis har elevane mjukt underlag å lande på.

Klarting i det nye leikeapparatet. - Klikk for stort bileteBerre blide fjes å sjå i det nye leikeapparatet. Kommunalsjef Karen Strand var freista til å prøve litt sjølv. Janne-Marit Myklebust Ivrige ungar i nytt leikeapparat ved Haddal skule. - Klikk for stort bileteFull aktivitet! Janne-Marit Myklebust