Bildedrypp frå første skuleveka

Bildedrypp frå første skuleveka

Det har vore ei aktiv første skuleveke for barneskulane i Ulstein.

Ulstein skule, Hasund skule og Haddal skule gir her eit lite innblikk i den første veka av skuleåret 2025.

Ulstein skule

Det har vore mykje positiv aktivitet ved Ulstein skule i oppstartveka, skriv rektor Norunn Velsvik. 

Vi har hatt uteskule i alle klassane. Allereie tysdag var heile skulen på fjelltur. Vidare har vi lært om krepsdyr og ulike fiskeartar i fjøra. Vi har hatt elvevandring, frisbeeaktivitet og mykje leik i dei fine områda rundt skulen. Ein dag vart skogen stengd, for der er det full aktivitet med bygging av ny gapahuk. Elevar og tilsette gler seg til eit nytt klasserom ute.
 

Hasund skule

– 7. klasse ved Hasund skule brukte heile fredagen på Borgarøya med dei 15 elevane våre. Fisking, bading, grilling, oppdagingsferd med meir. Lærar Arve Aschehoug stilte med båt, underteikna var matros. Veldig kjekk dag, skriv adjunkt Sebastian Eide om desse bilda. 

Haddal skule

– Bilete frå uteskule, då vi har eit tverrfagleg opplegg rundt stortingsvalet. Alle elevane i grupper skulle bygge sin eigen draumeleikeplass, ut frå eit budsjett. Så stemte vi anonymt i etterkant på den beste leikeplassen. Det var veldig kjekt! fortel lekotr Kristin Årøen Ekeberg.