Tekst og foto: Liz Torine Enerhaug
Elevane i 1.–3.-klasse har lært seg å tenne bål.
Liz Torine Enerhaug
Elevane har vore delaktige i heile prosessen og blitt skikkeleg gode til å spikke med kniv og korleis få fyr i eit bål.
Ein kjekk temaperiode, som naturleg oppfølging av temaet vi hadde rett før påske om istida i Noreg.
1.–3.-klasse har uteskule kvar tysdag.
Rektor Norunn Velsvik skildrar uteskulen slik:
Vi bruker naturen og nærmiljøet aktivt, som læringsarena. I praksis betyr det at vi har deler av opplæringa ute kvar veke. I uteskulen får elevane vere aktive på ein annan måte enn i klasserommet. Dei lærer gjennom fysisk aktivitet og praktisk arbeid, dei har større areal å boltre seg på, og dei samarbeider på tvers av kvarandre/meir sosialt samspel. Elevrådet ved skulen vår seier at dei vil ha meir uteskule.
Mat smakar ekstra godt når den er varma på bål.
Liz Torine Enerhaug.