Bustadtomter på Skeide

Bustadtomter på Skeide

Skeide Per Eide

Flammande solnedgang, ope og vakkert, hav og fjell rett utanfor stovedøra - gangavstand til sentrum, eit triveleg nærmiljø med barneskule. Her vert det flott å bygge og bu! 

Vegard Ertesvåg

På Skeide er det til saman etablert 50 bustadtomter, og også ein del areal for tettare utnytting (firemannsbustader, rekkehus m.m.). 

 

Det vert lagt opp til at utbyggingsfirma kan søke på områda for tettare utnytting etter visse kriterium. Dei fleste områda for tettare utnytting vert annonsert samstundes med bustadtomtene. Desse er også markert med omriss i kartet.

 

Pris

Tomtepris pr. m² er kr 1250,- fastsett av kommunestyret den 17.06.2021.


Søk om tomt

Søknadskjema og informasjon om retningslinjer finn du her.

Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene på Skeide finn du her (Sunnmørskart.no).

Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgitt (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. Ein T betyr at tomta er tildelt nokon, enten etter konkret søknad eller at den er tildelt ved trekking.

Dersom du er interessert i ei tomt som står som reservert (R), kan du søke om å få denne handgitt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.  Du kan ikkje søke på tomter med status T.

Tomter som i reguleringsplan er regulert til tettare utnytting vil du sjå har ein mørkare gulfarge enn ordinære bustadtomter.

I vår 3D-modell over kommunale tomter for sal kan du manøvrere deg rundt i byggefeltet. Det er også lagt til rette for ein enkel sol/skugge-analyse.

Klikk her for å kome inn i 3D-modellen.

 

 

I kartoversikt under viser dei nye tomtene og vegsystemet. Vegstubbar som er teikna med grønt er fellestilkomstar der kommunen ikkje har ansvar for vedlikehald og brøyting.

 

 

 

 

Skeidebygda bada i sol sett frå utsiktspunkt på Nibben Arne Runar Vik

  

 

 

Flott utsikt til Ulsteinfjorden, Hindholmen i fin flyt. Arne Runar Vik

     

Frå utsiktspunktet Kassen på Osberget. Berit Cecilie Skeide