Jodtablettar

Jodtablettar

Kaliumjodidtablettar vert nytta førebyggande mot kreft i skjoldbruskkjertelen ved eit eventuelt utslepp av radioaktivt jod. Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod og ikkje mot andre radioaktive stoff. 

Kven skal ta tablettar – og kven skal ikkje?

Risikoen for utvikling av kreft er størst hos barn og unge under 40 år,  gravide og ammande. 

I Ulstein kan barn og unge under 18 år, gravide og ammande få utdelt tablettar ved ei forureining.  

Generelt er det tilrådd at personar under 40 år, gravide, ammande og dei som har heimebuande barn, har jodtablettar heime. 

I målgruppa skal desse likevel ikkje ta tablettane:

  • personar med kjent allergisk reaksjon mot jod. Ta kontakt med legevakt
  • personar med Graves sjukdom, autoimmun thyroiditt, hypokomplementarisk urticariell vaskulitt og dermatitis herpetiformis
  • personar som har operert vekk skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar
Prosedyre i Ulstein kommune

Utdeling skjer etter tilråding frå Kriseutvalet for atomberedskap/Statsforvaltaren. Det vert då sendt ut varsel til innbyggarane om utdeling i kommunen, og vi har eit lager av jodtablettar for dei nemnde målgruppene. 

Foreldre med barn i skule og barnehage må ha samtykka i Viglio for utdeling av jodtablettar.

Jodtablettar i heimen

Jodtablettar kjøper du reseptfritt på apoteket og bør vere ein del av utstyrspakken for beredskap i heimen. 

Når skal du ta jodtablettar?

Ikkje ta jod før Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om dette.

Tablettane bør takast før utsleppet når fram eller innan fire timar etter ei akutt hending. Under eit pågåande radioaktivt utslepp skal folk halde seg innandørs.


11 spørsmål og svar om jodtablettar: