Informasjon under ei krise

Informasjon under ei krise

Ulstein kommune legg ut informasjon i dei tilfella vi ser at tenestene våre kan verte/vert påverka. 

Under ei krise, vil det vere kriseleiinga som styrer. I tillegg vil relevante fagpersonar, basert på kva krisen handlar om, verte kalla inn. 

Det er i kriseleiinga det vert bestemt kva informasjon som skal delast med publikum, brukarar og tilsette.

Kriseleiinga har mynde til å fatte hastevedtak om å bruke midlar inntil 1 million kroner for å handtere situasjonen og forhindre tap av materielle verdiar, liv og helse.

Kvar finn du informasjon?

Ulstein kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss, på nettsidene våre. 

Informasjon frå sidene kan også verte delt på Facebook, i media og relevante brukarsystem (som skule- og barnehageportalen Vigilo).

Kommunen kan også nytte varslingssystem for raskt å nå mange, om det skulle vere behov. Tilsvarande har også politiet og sivilforsvaret gjennom sitt naudvarsel.

Vi vil også dele vidare informasjon frå andre offentlege aktørar så langt som råd.

 

Telefon

Ved større hendingar vil kommunen opprette eigne telefonlinjer inn, der pårørande eller andre kan få svar på spørsmål. 


 

Dersom internett og telefon ikkje fungerer

Ved eit straumbrot vil fast internett gå ned med ein gong. Mobilnettet har batterikapasitet til å levere telefoni og internett i to til fire timar. Etter dette vil du ikkje kunne nå nettsidene til kommunen eller andre viktige aktørar. Det er då to moglegheiter:

  1. Radio 
    Alle bør ha ein batteridriven DAB-radio som ein del av eigenberedskapen. Eventuelt kan radioen i bilen nyttast. Via NRK vil offentlege aktørar kunne dele informasjon i nyheitssendingar.
     
  2. Fysisk oppmøte
    1. Dersom alle andre kanalar er nede, vil vi opprette informasjonspunkt på rådhuset. Her vil vi henge opp skriftleg informasjon, og ved behov ha personell tilgjengeleg som kan svare på spørsmål.  
    2. Ved behov vert det plakatoppslag på dei fire barneskulane, ungdomsskulen, Eiksund forsamlingshus og Vonheim på Flø.
    3. Ved langvarig bortfall av EKOM-tenester (telefon mv.) vil Ulstein legesenter ha legevakt lokalt heile døgnet.