ROS-analyse for Ulstein kommune (sladda versjon) (PDF, 791 kB)
Formålet med ei ROS-analyse
Formålet med ROS-analysen er å
• gje ein oversikt over risiko- og sårbarheitsforhold i kommunen, og korleis dei påverkar kommunen
• avdekke sårbarheit og gjensidige avhengigheiter
• foreslå tiltak for korleis risiko og sårbarheit kan reduserast og handterast
• vere eit grunnlagsdokument for samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova
• gje beslutningsstøtte i kommunen sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap
17 kategoriar av hendingar
ROS-analysen definerer 17 kategoriar av uønskte hendingar som kan verte så omfattande at det vil vere naturleg å kalle inn kriseleiinga til kommunen.
Dei 17 kategoriane er delt inn i fem område:
1. Natur
1. Ekstremver - orkan
2. Skred, stein- og jordsprang
3. Auka havnivå - stormflo og springflo
2. Natur og menneske
4. Pandemi og epidemi
5. Forureina vasskjelde
3. Store ulykker
6. Vegtrafikkulykke med store konsekvensar for trafikksamband
7. Gassutslepp
8. Skipsforlis med oljeutslepp
9. Større ulykke på verftet
10. Storskade (inkl. brann) på institusjonsbustadar
11. Storskade på offentleg, samfunnskritisk bygg (som ikkje er bustad) - kollaps i skulebygg
12. Dambrot
13. Stor skogbrann/lyngbrann
4. Tilsikta hendingar
14. Skuleangrep (PLIVO)
15. Terror under stort arrangement (PLIVO)
16. Bombe (PLIVO)
5. Kritiske samfunnsfunksjonar
17. Dataangrep av vitale IKT-system