Frå venstre: Fagansvarleg for digitalisering i Ulstein kommune, Eli Marte Dalhaug, kommunedirektør i Ulstein kommune, Jarl Martin Møller, biblioteksjef Ulstein bibliotek, Britt Opsahl Myrene, ordførar i Ulstein kommune, Stian Skorgen Scheide, rådgivar i Senteret for et aldersvennlig Norge Olav Sæbø og rådgivar i Senteret for et aldersvennlig Norge, Karen Sundgot Gurskevik.
Leif Ringstad
Samarbeidet skal bidra til å gjere kvardagen enklare og meir digital for eldre. Eitt av tiltaka som skal prøvast ut, er datahjelp heime, der opplæringa skjer i eigen heim. Målet er å utvikle løysingar som kan gi stor effekt og som kan rullast ut i heile landet.
Pilotane skal testast ut i fleire kommunar på Sunnmøre
– Dette har vi verkeleg sett fram til å få i gang. Vi er svært nøgde med å ha fått med oss Ulstein kommune i denne piloten. Ulstein har allereie gjort mykje for å få fleire innbyggjarar digitale. Med vårt utvida tilbod håper vi at fleire ønskjer å lære meir, og at dei som ikkje har vore opptekne av å bli digitale, også blir freista til å prøve. Det er aldri for seint å bli digital, seier Nina Myklebust, fungerande leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Sidan senteret fekk i oppdrag av regjeringa å bidra til at fleire eldre blir digitale og meir sjølvhjelpne, er det gjennomført ei omfattande kartlegging. – Det har vore viktig for oss å finne ut kva for tilbod som finst, kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Og ikkje minst kva folk sjølve ønskjer seg, forklarer Myklebust.
Opplæring heime
Mange vegrar seg for å delta på kurs saman med andre, og mange uttrykkjer ønskje om å få hjelp heime. Dette er eit av elementa i piloten som no blir sett i gang i Ulstein.
– I tillegg til å teste digital opplæring heime, skal pilotane også omfatte ein felles møteplass for opplæring, hjelp, spel og sosiale aktivitetar. Senteret utviklar eit eige kursopplegg med pedagogisk tilrettelagt materiell i samarbeid med Kakadu - eit norsk teknologiselskap som lagar digitale rettleiingar for folk som slit med digitale tenester. Vidare vil det vere mogleg å låne nettbrett med seg heim slik at ein kan øve i eige tempo utan å måtte investere i eige utstyr, fortel Myklebust.
Tiltaka rettar seg både mot dei som ikkje er digitale, og mot dei som kan litt, men som strevar med enkelte oppgåver.
Mange ikkje-digitale
– For oss er dette ei unik moglegheit. Vi har mange eldre som ikkje er digitale, men som vi veit ønskjer å bli det. Og så håper vi også å nå dei som ikkje trur dei treng å vere digitale, men som kanskje let seg freiste til å prøve gjennom dette tilbodet, seier kommunedirektør Jarl Martin Møller i Ulstein kommune.
– Den aukande digitaliseringa i samfunnet gjer det krevjande for mange eldre å henge med. Digital kompetanse er viktig for å kunne delta i ein stadig meir digitalisert kvardag.
For ytterlegare informasjon
Nina Myklebust, fungerande leiar, Senteret for et aldersvennlig Norge, tlf. 906 97 101, epost Nina.Beate.Myklebust@helsedir.no
Eli Marte Dalhaug, fagansvarleg digitalisering og prosjektkoordinator i Ulstein kommune,
tlf. 481 58 230, e-post eli.marte.dalhaug@ulstein.kommune.no
Nettside: Senteret for et aldersvennlig Norge