Leiar for anleggs- og driftavdelinga, Harald Øvereng, oppmodar alle om å ta hekksaksa fatt, dersom tre og busker på eigedomen din er til hinder for mjuke trafikantar.
Janne-Marit Myklebust
– Ved kryss og andre stader der sikt er viktig, skal hekk og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter. Små barn rundt hjørnet må vere synlege for bilistar og syklistar. Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje verte tvinga ut i vegbana på grunn av vegetasjon. Hekk, buskar og tre skal heller ikkje skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys, seier leiar for anleggs- og driftsavdelinga, Harald Øvereng.


Greiner frå tre over fortau og sykkelfelt må henge minst 4 meter over bakken. Fri høgde over sjølve vegbana skal vere minst 4,7 meter.
Tre/hekk langs køyreveg må klippast godt utom asfaltkant, for speglar på lastebilar stikk gjerne 30–40 cm ut frå bilsida.
Viss du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg må ikkje greinene henge lågare enn 4,7 meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn fire meter.
Statens vegvesen
Dersom det ikkje er klipt godt nok, kan kommunen pålegge grunneigarar å klippe. Det vil då verte sendt ut ein SMS med ei påminning. Etter tre varsel kan kommunen utføre arbeidet på grunneigar si rekning.
Les regelverket
Om det er naboen sin hekk som er problemet, ta praten over hekken. Naboar som minner kvarandre vennleg om å klippe trafikkfarleg vegetasjon, er gode naboar.
Om du ikkje klarer å klippe vegetasjonen sjølv, ta kontakt med ein entreprenør som kan gjere jobben for deg.
Hageavfall kan du levere gratis hos SSR.
Kommunal grunn
Sjølv om kommunen gjer sitt beste for å feie for eiga dør, eller klippe eigen hekk - skjer det at også kommunen treng ei påminning.
Ser du busker, hekkar eller tre på kommunal eigedom som treng ny sveis, send ein e-post til Even Soleng på teknisk etat: even.soleng@ulstein.kommune.no