Vi vert stadig fleire

Vi vert stadig fleire

I tredje kvartal vart vi 25 fleire ulsteinarar. Hittil i år har vi hatt størst prosentvis folketalsvekst i fylket.

Utsikt mot Ulsteinvik frå Hasundhornet. - Klikk for stort bileteUtsikt mot Ulsteinvik frå Hasundhornet. Janne-Marit Myklebust

– Etter tilbakegang dei to føregåande åra, er det positivt at vi no veks, seier kommunedirektør Verner Larsen.

I tredje kvartal vart vi 25 fleire ulsteinarar.

– Ekstra stas var det i andre kvartal, med ein folketalsvekst på 148! Men alle plusstal er positive, legg kommunedirektøren til.

I første kvartal auka folketalet i Ulstein med 40, i andre kvartal med 148, og i tredje kvartal med 25, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det bur no 8 770 ulsteinarar i Ulstein, mot 8 557 ved inngangen av året.

Her kan du grave litt djupare og også studere andre kommunar.

– Vi har størst prosentvis folketalsvekst i fylket hittil i år, og tredje størst om vi ser på talet på personar, etter Ålesund og Molde, seier ordførar Knut Erik Engh, som også er nøgd med at kommunen veks.

Her er tal frå heile sjustjerna:

Innbyggartal ved utgangen av kvartalet

Innbyggartal ved utgangen av kvartalet
Kommune Første kvartal 2022 Andre kvartal 2022 Tredje kvartal 2022
Ørsta 10 849 10 893 10 914
Volda 10 870 10 741 10 872
Herøy 8 765 8 808 8 818
Ulstein 8 597 8 745 8 770
Hareid 5 137 5 204 5 177
Vanylven 3 043 3 030 3 002
Sande 2 418 2 420 2 403