- Vi har eit stort hjarte for dei som ikkje har det så bra som oss

- Vi har eit stort hjarte for dei som ikkje har det så bra som oss

Innbyggjarane og næringslivet i Ulstein har gitt over kr. 600.000 til TV-aksjonen og NRC Flyktinghjelpen. Varaordførar Lisa Mari Breivik Anderson takkar alle som har vore med på den store innsatsen.

Varaordførar i Ulstein kommune og leiar for aksjonskomiteèn, Lisa Marie Breivik Anderson, takkar alle som stilte opp. - Klikk for stort bileteVaraordførar i Ulstein kommune og leiar for aksjonskomiteèn, Lisa Marie Breivik Anderson, takkar alle som stilte opp. Ulstein kommune

- Tusen takk for ein fantastisk innsats under TV-aksjonen til alle som bidrog, både bøsseberarar, barn som sprang i skuleløpa, alle som har gitt i fysiske eller digitale bøsser, og alle som bidrog på andre måtar, både privatpersonar og bedrifter, seier varaordførar i Ulstein kommune og leiar for aksjonskomiteèn, Lisa Marie Breivik Anderson, etter at opptellinga etter årets TV-aksjon er gjort.

Ulstein er heilt i toppen av givarlista i Møre og Romsdal, saman med vår gode nabo Hareid. Berre i Stranda vart det gitt meir per innbyggjar. 

Inntektene går til NRC Flyktninghjelpen. Slagordet er «sammen for mennesker på flukt».

- Når vi jobbar saman får vi til mykje!

I Ulstein vart det samla inn over kr. 600.000, og barneskulane våre gjorde ein enorm innsats. Til saman samla barneskulane Ulsteinvik, Hasund og Haddal inn over kr. 165.000. 

- Vi set stor pris på engasjementet i Ulstein kommune, og vi har i fleire år vore mellom kommunane i Møre og Romsdal som har samla inn mest pr innbyggar. I år var vi tilbake på toppen! Dette er virkelig noko å vere stolte av, og viser at vi har eit stort hjarte for dei som ikkje har det så bra som oss. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, og når vi jobbar saman får vi til mykje!, seier Lisa Mari Breivik Anderson.