Vi gir oss ikkje – no går vi for siger! - Ulstein kommune

Vi gir oss ikkje – no går vi for siger!

Vi gir oss ikkje – no går vi for siger!

Ulstein kommune er igjen nominert til Årets maritime kommune,  for fjerde år på rad, og denne gongen i finalen.

Utsikt over Kleven verft, Hasund, Dimna, Dimnøy, verftsindustrien - Klikk for stort bilete Per Eide

Dette er ikkje tilfeldig. Det er eit resultat av det vi har fått til og stadig får til – kvar einaste dag.
– At vi er i finalen igjen, viser kva kraft som ligg i den maritime klynga. Her jobbar næringsliv, kompetansemiljø og kommune tett saman for å skape verdiar langt utover eigne grenser, seier ordførar Stian Skorgen Scheide.
Ulstein er eit av dei mest komplette maritime miljøa i landet, med sterke rederi, verdsleiande verft, designmiljø og utstyrsleverandørar. Her blir det utvikla og bygd fartøy i verdsklasse,  og skapt arbeidsplassar og positive ringverknader i heile regionen.
 

No handlar det om å ta det siste steget, for denne utmerkelesen her høyrer heime i Ulstein Kommune.
– Vi har vore nær fleire gongar. I år meiner eg vi verkeleg har det som skal til, og alle piler peiker oppover. No handlar det om å mobilisere,  dette er ein siger vi skal ta heim saman, seier Scheide.
 

Prisen blir delt ut av Maritimt Forum i samarbeid med Kystens Næringsliv, og vinnaren blir kåra under Arendalsuka i august. Før den tid er det avstemming, der engasjementet lokalt kan vere avgjerande.
No treng vi deg med på laget.
Har du eit hjarte for den maritime klynga, for arbeidsplassane og for fellesskapet på Søre Sunnmøre,  då håper vi du tek deg tid til å stemme.
 

Dette handlar ikkje berre om Ulstein, men om ein region som lever av,  og for havet.
No går vi for gull 💙